Om Vossabakst
Handverksbakeriet Vossabakst har bakeri, utsal og servering midt på Vangen i Vangsgata 38 på Voss. Vossabakst bakar med utgangspunkt i gamle tradisjonar og teknikkar, og brukar dei beste råvarene. Det kjennest på smaken!
Vossabakst inviterer til ein ny kveld med
Bobler & Tapas!
Ta med deg gode venner, familie eller kollegaer.
Velkommen til ein lun og smakfull kveld hjå oss!
Tapastallerken & søtsaker: 450 kr per person
Førehandsbestilling av bord innan 10.april
Send e-post til: post@vossabakst.no
Lokale råvarer & utan tilsetjingstoff
Me vel våre råvarer med omhu, og brukar lokale ingrediensar når me kan. Mesk frå Voss Fellesbryggeri vert nytta i vårt polulære Bryggeribrød. Vossabakst sine brød er laga utan tilsetjingar. Fri for mjelk, soya eller nøtter.
Gamle teknikkar & tradisjonar
Vossabakst bakar med utgangspunkt i gamle tradisjonar og teknikkar, og brukar dei beste råvarene. Det kjennest på smaken! Me bakar mykje med surdeig og brukar våre eigne kulturar.
Kvardag eller fest - bakverk er best
Frå det daglege brødet til den store festkaka - me bakar alt med same lidenskap og presisjon. Lat oss gjera både kvardagar og store augeblikk endå betre med vårt ferske bakverk.
.
Dyktige fagfolk både i bakeri & konditori
Bakarane våre er stolte handverkarar som kombinerer tradisjonelle metodar med moderne kunnskap. Kvar dag startar tidleg, slik at du kan nyta ferskt bakverk til frukost.
Hjå Vossabakst får du ferske og velsmakande bakarvarer kvar dag!
Her lagar me mellom 70 og 80 ulike typar bakverk kvar dag. Me har bakarvarer som blir baka i steinomn, og eit stort utval av konditorvarer og påsmurt.
Me set vår ære i å ha særs god kaffi!
Vossabakst lagar kaker på bestilling og tilbyr catering.
Ta kontakt for meir informasjon eller bestilling.
Vossingane sine favorittar
Dette er bakverka som vossingane kjem tilbake for, veke etter veke. Alt er sjølvsagt baka for hand med kjærleik og omtanke i bakeriet vårt midt på Voss.
Gulrotkake
Vossabakst si populære gulrotkake. Ei saftig og smakfull gulrotkake med ostekrem. Denne kan du få i rund eller platekake.
Gråsidetoppen
Standard grovbrød utan kjerner og frø, med rug og honning.
Allergen: hvetegluten, ruggluten
75 % grovt
Ostekake - Glutenfri
Ostekake er ein av Vossabakst si mest populære kake. Den har deilig mandelbotn, pasjonsfruktkrem og toppa med gelélokk og friske bær.
Kvitanosi
Surdeigsbrød utan kjernar, med/utan frøkorn rundt.
Allergen: hvetegluten
25% grovt
Brøda våre
Kakene våre
Våre opningstider:
Måndag - fredag kl. 08.00 - 16.30
Laurdag kl. 08.00 - 16.00
Sundag - stengt